– PR og presse. To sider av same sak

Av Høgskulelektor, Kristian Fuglseth

Eg fekk nokre spørsmål frå ein journalist i ei av studentavisene i Volda som skal skrive om tilhøvet mellom PR og pressa. Dette meiner eg er to sider av same sak.

1. Hvor mange PR-byråer er det i dag i Norge i forhold til for 30 år siden? (Ettersom det sies at antallet har økt kraftig).
– Det er ikkje nokon som har det svaret, for det spørs kva du legg i omgrepet PR og PR-byrå. Det er i alle fall ikkje mange nok til at du kan kalle det ein bransje. Dei fleste PR- og kommunikasjonsfolk driv med heilt andre ting enn å selje stoff til pressa. PR og kommunikasjon er ikkje ein profesjon heller – til det femnar omgrepet alt for vidt. Profesjonsomgrepet er ein lang diskusjon. Nokre få riksaviser har sjølv gitt merksemd til tre-fire konsulentselskap som har tent på merksemda. Eg ville heller sagt at Noreg generelt har fått ein aukande konsulentbransje som opererer på mange felt – på godt og vondt.
– Det er først og fremst sjølve omgrepet PR som har fått meir merksemd. Det er mellom anna knytt til informasjonssamfunnet, merksemd frå media og kunnskap om å påverke publikum som konsumentar av informasjon om alle slags varer og tenester. Når nokon etterspør merksemd, dukkar det alltids opp nokon som kan tilby PR som ei teneste – og det varierer veldig kva tilbydarane då legg i omgrepet. Mange har forklart PR med pressetenester, eller publisitet og gjerne propaganda – men om ein opnar forkortinga tyder den public relations, altså tilhøve til ålmenta. Vi er alle ein del av denne ålmenta – og vi har større sjanse til å kommunisere i denne ålmenta enn før – dermed kan kven som helst nå opp som publisistar – ikkje berre om du er journalist eller den tradisjonelle 17. mai-talaren. Om ein seier at talet på mediekanalar og publisistar har auka, trur eg ikkje talet på PR-byrå har auka proporsjonalt meir – det er heller eit resultat av informasjonssamfunnet vårt – og ikkje minst ålmenta sitt behov for mykje informasjon som deltakarar i dette samfunnet.

2. Hvilken forskjell tror du det er på forholdet mellom PR-folk og journalister i bransjen, i motsetning til forholdet mellom studenter på de to forskjellige studieretningene?
– Journaliststudentar og kommunikasjonsstudentar har same føresetnader, og har få motsetningar – og dette er til stor skilnad frå folk i arbeidslivet. Men det som er morosamt er at om lag 15% av journaliststudentane vert kommunikasjonsmedarbeidarar og 15% av kommunikasjonsstudentane blir journalistar. Om du er utdanna i Volda med MEV ein, to og tre, etikk og Habermas trur eg ikkje skilnaden kjem før ein går ut i arbeidslivet.

3. Kan forholdet mellom bransjene sammenlignes med et gammelt ekteskap?
– Nei, det ekteskapet held på å vekse frå kvarandre, og det er ikkje bra. Å drive ei avis har vorte så økonomisk vanskeleg at det ikkje er sunt i forholdet til kjeldene, ekspertane, konsulentselskapa, eit rikt, statleg embetsverk eller det velståande, private næringslivet. Den fjerde statsmakta er marginaliserte, medan statleg sektor og næringslivet er søkkrike og fulle av ressursar – privatpersonar likeeins. Journalistane har ikkje tid eller ressursar til å følgje opp sentrale saker i velferdssamfunnet vårt – og dette tomromet vert fylt av informasjon frå konsulentar, ekspertar, næringslivs- og reklamejournalistikk. Dette har nødvendigvis ikkje nokon med kommunikasjonsmedarbeidarar å gjere – for dei skulle vite betre enn å drive utruskap i ekteskapet.

4. I hvor stor grad kan forholdet mellom yrkene beskrives som et elsk-hat-forhold?
– Den gjennomsnittlege kommunikasjonsmedarbeidaren er ei dame på 44 år som arbeidar i ei gjennomsnittleg norsk kommune. Dette er limet i informasjonssamfunnet vårt – og vi tileignar oss kunnskapen herifrå for å utføre våre rettar og plikter heile livet. Dette yrket er elska av journalistar – for her ligg prinsippa om ein open, transparent og deltakande kommunikasjon til grunn. Dette lærer privat sektor også etterkvart – og får slik eit betre tilhøve til både pressa og ålmenta som alle tener på. Den vanlege informasjonskonsulenten driv dessutan sjeldan med pressekontakt, så då er der ikkje anna tilhøve enn til andre yrkesgrupper.

5. Hva har det å si for PR-folk at journalister opplever et større tidspress (med mindre tid til å sette seg inn i saker)?
– PR og presse burde vere to sider av same sak. Som eg sa er problemet når private interesser får uforhaldsmessig større ressursar enn fellesskapet sine interesser. Dette går også ut over tilhøvet mellom kjeldene og pressa. For å sitere dekan Liestøl er vi alle saman ein del av eit demokratiprosjekt – men når kjeldene har uavkorta både pengar og folk å setje inn for å kontrollere pressa blir dette eit demokratisk problem.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *