Ekskursjon til Devoldfabrikken

Av Mariell Midtbø Bøyum

Onsdags morgon møtte studentar frå første og tredje klasse på rutebilstasjonen klare til ekskursjon til Devoldfabrikken. Fabrikken ligg plassert på den vesle, men vaksande plassen Langevåg utanfor Ålesund. Sola hadde så vidt byrja å titte fram, og vi var spente på kva Devoldfabrikken eigentleg var. Fleire tenkte kanskje at det var vel ein fabrikk der dei produserte ulltøyet Devold, elles ikkje stort meir.

På Devoldfabrikken møtte vi to imøtekommande og hyggjelege damer, som viste oss veg til Historiske Kølbua. Der vart vi servert pastasalat samt herleg foccacia. Etter måltidet blei vi presentert for kva type kommunikasjonsarbeid Devoldfabrikken faktisk driv med. Vi fekk og høyre om ulike marknadsføringstiltak dei nyttar for å nå dei ulike kundegruppene. Her var lista lang med ulike sosiale medium, reklame på nett samt avisbasserte reklametiltak. Dei satstar óg hardt på å halde aktivitetar for kundane, som ulike konkurransar og arrangement. Dei fortalte mykje om den strategiske 10 års planen som dei allereie var halvegs i. Her var det satt stort fokus på auka sal, ombygging av fabrikken og området samt å gjer fabrikken om til ein industristad. Nokre av planane var å lage ein park midt på området, kor ein kunne slappe av mellom handlinga.

Devoldfabrikken har i dag fleire outlet butikkar som Bergans, Norrøna, Moods of Norway og ikkje minst Devold sjølv. Desse butikkane har fast 30-70% rabatt, noko som trekk mykje kundar. I tillegg fins det ei ny renovert café som kan by på mykje god mat og drikke. I det gamle fabrikk lokalet finn ein eit museum, kor ein kan utforske 150 års tekstilhistorie.

Allereie 18.september opnar mange nye butikkar på Devoldfabrikken. Her var det alt i frå frisør, klesbutikkar og ein eigen kafe for barn. I tillegg opnar Helly Hansen, noko Devoldfabrikken gler seg stort til.

Det å besøke bedrifter og utforske næringslivet er viktig for studentar på PR og kommunikasjon. Her får ein høyre og sjå i praksis korleis alt i frå strategiar og kommunikasjon faktisk fungera på ekte. Etter ein dag hos Devoldfabrikken sit studentane igjen med eit positivt inntrykk av imøtekommande menneske, historiske fakta om fabrikken, kommunikasjonsarbeid og ikkje minst ein lærerik oppleving vi tar med oss vidare i studiet.

Ein stor takk til Devoldfabrikken som tok oss svært godt i mot!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *