Umuleg å ikkje bli engasjert av kommunikasjonsdagen

Av Mette Bruaas

Da eg høyrde det skulle vere ein kommunikasjonsdag 26. september, visste eg ikkje heilt kva eg forventa og ikkje kva som skulle skje. Vi fekk beskjed om å skrive ned datoen av leiarane i kommunikasjonsforeininga i Volda. Vi fekk også drops, penn og vart fortalt at vi skulle melde oss inn på www.kommunikasjon.no. Gratis. Eg gjorde dette med ein gong, og fekk medlemsmagasin og informasjon i posten ei veke etter.

26. september kom, og dagen før sa eg ja til å skrive innlegg på PR-bloggen om denne dagen, som eg fortsatt ikkje visste heilt kva var. Men eg kasta meg ut i det og møtte opp i Store-auditorium på Berte Kanutte-huset. Vi fekk tilbod om kaffi, frukt og mørk sjokolade! Eg hadde no fått litt informasjon om kva som eigentleg skulle skje, og hadde ulike forventningar til dagen. Eg kunne lære meir om det å bli kommunikasjonsansvarleg i ei bedrift, jobbmogelegheiter, og få inn nytt fagleg innhald utanfor vanleg pensum.

 

Norsk Kommunikasjonsforeining

Dei som var først ut var Marte Holm Løvstad og Sindre Fjærtoft frå Norsk kommunikasjonsforeining. Gjennom første halvtime fekk eg mykje god innsikt i kva ”den norske kommunikatøren” driv med. Eg fekk også informasjon om sjølve kommunikasjonsforeininga og kva dei jobbar med og kva fordelar som kjem ved å vere med i kommunikasjonsforeininga. Eg fekk mange råd til å kome meg inn i bransjen og korleis eg kan skilje meg ut frå konkurrentane. Fekk også blant anna tips om å vere aktiv i så mykje som mogeleg, for å byggje ein god CV. Inspirasjon frå første stund på kommunikasjonsdagen!

 

”Klatre opp og si: jeg er verdt noe!”

Den som nådde fram med mest inspirasjon for min del, va Even Sandvold Roland, kommunikasjonssjef i ADECCO Noreg. Roland snakka blant anna om kva som skal til for å lykkast med strategisk kommunikasjon. ”Den beste PR, ser ikke ut som PR. Den beste reklamen, ser ikke ut som reklame.” Her fortset Roland med å vise ulike eksempel på god reklame, og gjer dette på ein morosam måte og presenterar ulike bedrifter som har gjort PR og reklame på ein smart måte, og som statistisk sett har funka!

Even Sandvold Roland holdt et inspirerende foredrag under kommunikasjonsdagen.

Even Sandvold Roland holdt et inspirerende foredrag under kommunikasjonsdagen.

Gripande

Siv Tonje Solfjeld, kommunikasjonsdirektør i Norsk Luftambulanse, snakka denne fredagen om krisekommunikasjon rundt helikopterulykka 14. januar 2014. Ho visar korleis kommunikatørane jobba rundt ulykka og presenterer korleis krisekommunikasjon skal funke, og korleis det også kan gå galt. Blant kommunikasjon med media, og rundt pårørande. Utruleg godt presentert frå Solfjeld, og gir ein håplaus student godt innblikk i kva ein kan jobbe med i framtida og at jobbar innan kommunikasjonsfeltet verkeleg er viktig for ei bedrift.

 

Content Marketing

Anders Brenna, forretningsutviklar/teknologievangelist i Knowit, avslutta ettermiddagen med eit innlegg om Content Marketing. Nettaviser og annonser stod på programmet og eg lærte mykje om kva som funkar og ikkje funkar rundt desse felta.

Tittelen på dette innlegget er henta frå Twitter, og viser kor mykje kommunikasjonsdagen har å seie for studentane som spesialiserar seg innan for faget. ”Beste kommunikasjonsdagen eg har opplevd”, overhøyrer eg ein elev seie med det eg forlatar Store-auditorium på Berte-Kanutte huset.

 

Tusen takk for kommunikasjonsdagen 2014!

Ein tanke om “Umuleg å ikkje bli engasjert av kommunikasjonsdagen

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *