Datajournalistikk og fremtida #NODA15

Av: Mariell Midtbø Bøyum

Den 29-31.januar var det duka for NODA-konferanse som i år blei heldt i Ålesund. NODA er ein Nordisk data journalistikk konferanse kor kjente menneske innanfor bransjen kjem frå Finland, Sverige, Danmark og Norge for å prate om datajournalistikk. I år var det Sunnmørsposten som var arrangør, i samband med dei var medie-studentar ved Høgskulen i Volda involverte. Journalistikk-studentane hadde ansvar for å dekke konferansen med foto, intervju og film. Media, IKT og Design stod for det tekniske medan PR, Kommunikasjon og Media var konferansevertar. Det var fleirtallige studentar som deltok frivillig under konferansen. Noko som var svært kjekt å få vere med å bidra, og å få møte kjente fjes frå store mediehus samt bedrifter.

10966680_10153116777052238_1395467912_n10984794_10153116777047238_155299625_n

For oss som studentar fekk vi moglegheit til å delta på eit stort arrangement som skildrar korleis bransjen vil mest sannsynleg sjå ut når vi er klare for å søke jobb. Journalistikken som vi kjenner til i dag vil mest sannsynlig gå gjennom drastiske endringar, som allereie er i gong. Det blir meir og meir vanleg for norske aviser å publisere på nett, og legge meir vekt i arbeidet for nett. Det å høyre folk frå bransjen fortelje om korleis dei utvikla avisa si på nett med datajournalistikk var svært lærerikt. Her fekk vi blant anna høyre korleis prosessen i Sunnmørsposten og VG var med sitt foredrag «VG do’s and dont’s». For ei avis med ingen tilsette med direkte kompetanse på datajournalistikk handlar det om å sette saman det riktige teamet. Sunnmørsposten blanda ein journalist, web-designar, programmerar og ein med gode idear og vips så var avisa ute med datajournalistikk.

10965597_10153116777042238_41489979_n10957609_10153116777062238_799713979_n

Med fleire foredrag i ulike kategoriar for datajournalistikk fekk ein høyre om korleis ein utviklar ein nettstad kor ein kan bygge sin eigen kommune. Dette var to unge menn frå Bergens Tidene som presentere #kommunebygger. Noko som var svært interessant å høyre idéutvikling, arbeidsprosess og sluttresultatet. Saman med fleire spennande foredrag og tid til mingling i mellomtida var konferansen lærerik, interessant og svært kjekk å delta på!

Dersom du nokon gong får tilbod om å arbeide frivillig under ein slik konferanse, så bli med! Du vil ikkje angre!

10979326_10153116777072238_2144764116_n

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *